Båttypen representerer på mange måtar noko for seg sjølv. Båtane var vakre å sjå til og utmerka seg på fiskefeltet blei det sagt. Det kan i så fall bety at me her står ovanfor ein båt som skil seg klart frå dei ander båtane i utvalet.
Dei opprinnelege Aslak-båtane var for det meste færingar, men det blei også bygd seks-æringar. Andre stader blir det sagt at han bygde færingar, fiskebåtar og seglbåtar “meir til lyst”. Kva som ligg i begrepet fiskebåt, blir dessverre ikkje utdypa i kjelda. I begrepet lystbåt (også omtala som regattabåtar), aner me derimot eit nytt bruksområde som i vårt eiga århundre etter kvart skal bli ein særs stor og viktig marknad for båtprodusentar. To av lystbåtane som eksisterer bygd som både tre- og fire-bording med tillegg av rennebord. Fire-bordingen som tilhøyrer Engøyholmen, er bygd med fire heile band, og eitt kne. Båten har ingen beter, men veldig bredt vaterbord. Dekk forut og akter er lagt inn sidan. I Aslakbåttradisjonen finn me også ein 16 fots seglbåt, “Vigabåt” bygd av Aslaks sønn, Hans. Også dette er ein tre-bording med rennebord. Aslak Notvik skal ha bygd både kravelte og sua (klinkerbygde) båtar. Han brukte skanter (mal) ved kravellbygging, men aldri ved klinkerbygging. Da stolte han på augnemål og holdt Aslakbåtane, både fiske- og lystbåtane eller regattavariantane hadde ord på seg for å vere fremragande seglarar. I fiskebåtane sparte man på kreftene ved at man sjelden måtte ty til årene i denne båttypen.
26′ Aslakbåten Solveig er bygd hjå oss.
24′ Aslakbåten Embla er bygd hjå oss.
Siggurd Jansen som er eigar av Embla ynskte ein annan rigg. Etter anbefaling av Lyngør seilmakerverksted valde han ei spririgg med både klyver og toppsegl.
18′ Aslakbåt med marchoni rigg – Bygd hjå oss.
Denne Aslakbåten baserer seg på oppmålingar av ”Aud”, ein Aslakbåt bygd av Hans Notvik. Eigaren hadde fått teikna om botnen slik at me kunne montere senkekjøl. Dette er ikkje orginalt på Aslakbåtane, men den seglar veldig bra.
Om Aslak Notvik
Forhistorie:
I første halvdel av 1900-talet (fram til ca. 1860) var det kultur at ens eigen båt var superior. Kvart geografiske område hadde sin båt, t.d. Nordlandsbåten, Nordmørbåten, Sønnmørbåten ol. Båtane var bygd på lang tradisjon og byggjarane var sterkt bunden til dette.
Aslak Aslaksen Notvik var konstuktør og byggmester for Aslakbåten. Han kom frå Strand, var fødd 13.02.1845 og blei 93 år gammal.
Frå Aftenbladet 12. februar 1935: “Då brukte eg fem dagar på ein båt. Eg bygde sju båtar på 35 dagar, og av dei var ein seksæring. Då høvla eg borda, hogde spanna og alt som trongst, ja til og med smedearbeidet til rorgjengene gjorde eg. – Du bruka vel ikkje åtte timars dag då? – Hå hå! Nei, det var dagsljoset og kroppen som avgjorde dagslengda.”
I 1868, under regattaen ved Stavanger, hadde juryen mange innvendingar mot alle båtane som deltok. Den kritikken som her blei hevda måtte føre til noko nytt og betre innan båtbyggajarkunsten. Mendet var vanskeleg å se føre seg at dette skulle komme frå dem som var bunden av tradisjon, vanar og fordommar.
I etterkant av denne hendinga var det tre båtbygggarar frå Rogaland som gjorde ein innsats, Anders Johannessen Øvrebø (Boknabåten), Ingebrit Knutsen Eide (Tingvikbåten) og Aslak Aslaksen Notvik (Aslakbåten). Det er sistnemnde vi her vil ta føre oss.
Aslak kom frå ein familie med lange tradisjonar som båtbyggjarar, og lærte derfor kunsten tidleg. Han bygde sin første båt det året han gjekk for presten.
Aslak starta med deltidsarbeid, fiske om vinteren og båtbygging om sommaren. Ein dag dei låg ute på fiskefeltet blei det storm. Alle båtane måtte snarast mogleg bergast inn i hamn. Aslakbåten segla fortare enn dei andre og kom raskt til land. Like etter kom andre båtar inn, og det blei fortald at to båtar hadde kullsegla. Véret var slik at ingen kunne gjere noko for dei. Då lossa Aslak det meste av båten, segla ut igjen og berga begge havaristane. Frå den dagen byrja folk å spekulere på båtane til Aslak, og han fikk så mykje å gjere at han slutta med fiske om vinteren.
Med sin loddrette, skarpe baug og utlagde akterende var den ein framifrå seglbåt, og vann ry som skarpseglar.
Aslak meinte sjølv at han totalt byggde omkring 1000 båtar, dette både færingar, fiskebåtar og seglbåtar.
Før Aslak døyde fikk han Kongens fortenestemedalje.
– Det va óg noge, sa Aslak. – Ka sko eg med medalja? Eg sende na te såèn i Amerika.
Sonene Hans og Erik fortsette som båtbyggjarar, Hans heime i Notvik og Erik i Dusavik.
Torger Kommedal lærte båtbygging hjå Erik A. Notvik og starta seinare eige båtbyggjeri. “Kommedalsbåten” var kravellbygd og vert på 50- og 60-talet mykje brukt til fiskebåt og blei godt kjend langs kysten for sine vakre linjer.
Aslakbåten – opphav
Aslak i “Vigå” (født i 1845) dreiv sitt båtbyggjeri på Strandalandet nær Jørpeland. Hans båtar var vide kjend over heile Vestlandet, da særleg på grunn av dei vakre linjene i skroget og dei loddrette stevnene over vannflata foran og bak. Midtskips hadde dei spesielt smekre linjer som gjorde at båten slapp vannet ekstra bra.
Aslak bygde ein båt til seglbruk for skipsreder Bergesen i Stavanger. Seinare – truleg i 1926 – byggde han ein tro kopi (bare omlag ein fot eller halvannan breiare) for grosserar Henrichsen i Stavanger. Henrichsen var eineimportør av oliveolje til hermetikkindustrien i Stavanger. Han hadde ein villa i Lagårdsveien. Ved sida av forretningsdrifta, var han også ein ivrig kunstmalar, og i denne samanheng hadde han på nedsida av villaen bygd sitt eige atelier. Han brukte namnet Rossmann som kunstmalar, og var visstnok godt kjend i kunstnarkretsar under dette namnet.
Grosserar Henrichsen hadde fleire søner, m.a. Håvard og Henrik, også kalla Heiki. Som far sin blei også Håvard kunstmalar, medan Heiki blei forretningsmann og overtok oliveoljeimporten etter faren. Da sønene var i tenåra, ville faren få Aslak i “Vigå” til å bygge ein seglbåt til dem som skulle vere heilt trygg og sikker å segle. Den skulle vere lik den Aslak bygde for skipsreiar Bergesen, dog slik at den blei ein til halvannan fot breiare.
Heiki hadde ein klassekamerat på Stavanger Handelsgymnasium som het Johan. Etter faren sin oppfattning var det Johans forteneste at Heiki fikk eksamen ved Handelsgymnaset. Som takk for dette lot grosserar Henrichsen Johan få overta seglbåten med segl, bly og alt utstyr for usle fem eller seks hundre kroner.
Johans bror fortel: Etter mi erindring må dette ha skjedd kring 1930. Eg meiner å kunne tidfeste dette fordi vår mellomste bror Per blei konfirmert på denne tida, og mor hadde fått hjelp av Margrete frå Karmøy (ein slektning av far). Eg hugsar dette spesielt fordi ho var med ut på segltur med Johans nye båt. Når me gikk baut ropte Johan “ned med hovuda”. Margrete reagerte overhovudet ikkje og fikk ein rekke ganger bommen i hovudet, slik at ho slo seg kraftig. Etterpå fortalde ho at ho ikkje var i stand til å bøye seg fordi ho hadde korsett og fikk jernspilene inn i magen og brystet.
Som nemd ovanfor, hang bommen så lågt, at me lett fekk den i hovudet når vi bautet. Johan fikk sydd nye segl til båten kring 1938-39. Storseglet ble sydd slik at bommen kom høgare. Den hadde framleis ikkje noko bomløft men hang i seglet. Dette gjorde at storseglet var mykje lettare å manøvrere enn om man også skulle stramme inn og slakke ut eit bomløft kvar gang man gikk baut. Ved godt stell, holdt disse segla til langt ut i 50-åra.
Seglbåten var min brors augnestein, og den blei pussa og stelt etter alle kunstens reglar i dei meir enn femti åra hand eigde den. Etter kvart som det var nødvendig blei det skifta bord, naglar og spant m.m. Frå eg var 10 år til eg blei 17, var eg kvar vår med på oppussing av båten. Eg var lenge den einaste Johan betrodde å låne båten til. Heldigvis var eg aldri ute for noko uhell!