Norges mest berømte emigrantskute!

Restauration
Restauration

Prosjektstatus:

Fullført

Orginalt bygget i

1801

Bygging startet

2008

Ferdig bygget

2010

Bygging av Replikaen Restauration


Under Tallship race i Stavanger i 2004 fikk me spørsmål om me kunne bygge ein replika av
utvandrarskipet restauration. Ein stiftelse vart organisert og me i stiftinga kunne forberede alt som skulle til for å få skuta realisert.


Restauration som er klinkbygd var ikkje bygd etter teikningar. Men me hadde lengden og rom mål frå
tollbøker. Dette gav oss eit utgangspunkt for størrelsen på skuta.


Det er for det meste nytta furu som er henta lokalt i Stokkadalen i Vats og skoren på oppgangs saga
vår. Banda er for det meste krokvokst og festa med furunaglar.

Detaljer:

Lengde: 54 fot / ca 16 meter (utenom «baugspyd»)
Bredde: 5,3 meter
Dybde: ca 1,8 meter
Vekt: ca 44 tonn
F2xdQqZw U6OtAqKG

Historie

Svært få hendingar i norgeshistoria har møtt større fasinasjon frå nordmenn og utflytta nordmenn enn historia om Restauration og overfarten til Amerika. Forløpet til avreisa, den strabasiøse turen over Atlanterhavet og dramatikken emigrantane opplevde ved ankomst New York er skildra i eit utal romanar og fagbøker. Sluppen blir sett på som den norske Mayflower og overfarten i 1825 markerer starten for den norske utvandringa til Amerika som stadig aukte i omfang utover 1800- og 1900-talet.

Reisa i 1825 markerer starten på den organiserte norske utvandringa til Amerika, og meir enn 850 000 nordmenn følgde i Restaurationens kjølvann dei påfølgjande hundre år. Båten blei bygd i Hardanger som ein jakt, med namnet "Emanuel". Seinare blei den bygd om med slupphekk og fikk namnet Restauration. Utvandrarane i Stavanger kjøpte den i 1825, kun månader før dei gjennomførte det som for ettertida har blitt ståande som eit av norgeshistorias mest kjende seglas.

Restauration kryssa Nordsjøen på sørvestleg kurs, gjennom den engelske kanal, vidare sørover til Madeira. Her stoppa dei og provianterte før skipperen satte kurs vestover for å krysse Atlanteren. Denne sydlege reiseruta var nøye planlagd og var ei alminneleg rute for handelsskip som segla mellom Europa og Amerika. Den hadde sine klare fordelar idet ein kunne dra nytte av passatvinden og segle inn i eit varmare klima.

Overfarten

Den 4. juli tok 52 personar farvel med slekt og vener på kaia i Stavanger og satte segl ut Byfjorden. Ferda mot Amerika hadde starta. Det skulle vise seg å bli ei lang og eventyrleg reise.

Første stopp på reisa blei sør i England nær Lizard Point. Her var dei nære på å få problem med engelske tollembetsmenn. Dei selde nemleg brennevin til folk som kom om bord. Dette var ansett som kontrabande (illegal last) og skuta hadde truleg blitt konfiskert ved ein pågriping. Besetninga merka heldigvis faren og satte straks segl sørover.

Etter bortimot 4 vekers seglas anløp dei Funchal på Madeira kor dei var i fleire dagar. Ei merkeleg hending fann stad i forkant av innseglinga til Funchal. Ei tønne låg drivande på havet og det blei bestemt å heise den om bord. Det viste seg å vere ei tønne med Madeiravin og fleire fikk smake på herligheta med det resultat at mannskapet blei "beskjenkt". Skipet kom då drivande som eit pestskip utan kommando inn i havna i Funchal utan å heise flagg. Frå ei tysk skute som allereie låg i hamna fikk dei klar beskjed om å heise flagg om dei ikkje ville møtast av festninga sine kanonar som alt var retta mot dei. Ein av passasjerane fikk da fatt i flagget og heiste det opp i ei forrykande fart.Den amerikanske konsulen på Madeira, John H. Marsh, forsynte dei norske utvandrarane med proviant før ferda over Atlanterhavet. Det skulle vise seg å bli ei lang segling. Heile 64 dagar brukte Restauration på turen frå Funchal til New York.

Ved dei Vestindiske øyer kom dei ut for sterke stormar fire fredagar på rad og rota omkring i Det Karibiske Hav og Mexicogulfen innan dei kom seg nordover mot målet. Og endeleg, den 9. oktober om formiddagen, segla Restauration inn på hamna i New York. Det var da 98 døgn sidan dei reiste heimafrå.

Men her møtte dei problem. Det viste seg at Restauration på grunn av at den var så liten hadde langt fleire passasjerar om bord enn det amerikansk lov tillot. Som resultat fekk dei ei stor bot, sluppen blei konfiskert og skipperen satt i arrest. Men det heile løyste seg på beste måte idet sjølvaste presidenten, John Quincy Adams, egenhendig den 15. november sende ut benådning; bota blei ettergitt, skipper og fartøy frigitt. Restauration blei så seld og den vidare skjebna til skuta er uviss.

Livet ombord

Å kun sjå hav og himmel i fleire månader var nok ei stor påkjenning. Av dei 52 personane som reiste var det fleire som aldri hadde vore på sjøen før, og dagane kunne vere harde med dårleg vér og tøff sjø. Trua blei da viktig for passasjerane, og det blei helde daglege samlingar med bøn og andakt.

Restauration måler 54 fot og er eit særs lite skip for ei så lang reise. Passasjerane ombord hadde omkring 1m2 kvar under dekk og 1m2 over dekk til rådigheit. Det vart difor viktig å vere nøye med hygienen ombord, for at ikkje sjukdommar skulle spre seg.

Me har ikkje funne noko provianteringsliste og veit difor ikkje sikkert kva mannskap og passasjerar hadde med seg av proviant under overfarta. Men med få konserveringsmuligheitar og eit begrensa utval av mat og drikke, kan ein finne ut kva som var vanleg å ha med seg på ei overfart tidleg på 1800-talet.

Da sluppen la ut fra kaien i Stavanger 1825, visste de ikke hvor lang tid reisen ville ta. Det var derfor nødvendig å ta med mat med god holdbarhet. Nok vann til mannskap og passasjerer var det viktigste. Dette ble lagret på tønner og oftest bar kapteinen ansvaret med å rasjonere vannet.

Om bord på Restauration var det Endre Salvesen Lindland som stod for matlaginga. Høgst truleg må dei ha hatt med tørka kjøtt, salta kjøtt og sild. Spekekjøtt, flesk, spekesild og tørrfisk står på nær sagt alle provianteringslister i denne perioden, så man må anta at det var tilfelle også om bord på Restauration. I tillegg kom flatbrød, kavring, smør, ost, prim, mel, sukker, erter, poteter og kornvarer. Til å leske strupen med, i tillegg til vatn, var det mest vanleg med melk, te og kaffe. Reisene tidleg på 1800-talet gikk med seglskip og overfartane kunne ofte vere både strabasiøse og harde. Det var ikkje uvanleg med sjukdommar og pest om bord. Mot sjukdom kunne anbefalast litt brennevin, eddik og eit par flasker vin og rosiner og svisker til suppe mot sjøsyke.

Reisefølgje

På oppdrag av ei gruppe kvekere i Stavanger reiste Cleng Peerson og Knut Olsen Eide i 1821 for å finne muligheitane for norsk busetting i Amerika. Dei returnerte i 1824 og snakka varmt om forholda "over there". Dei må ha vore overbevisande for allereie året etter la sluppen Restauration ut frå hamna i Stavanger.

Mange om bord på Restauration var tilhengarar av kvekarane og haugianarane. Begge vekkelsesgruppene opplevde tøffe tider i Norge i byrjinga av 1800-talet. Dei blei forfølgt for deira troskultur og tenkte på Amerika som ein utveg. For mange om bord i Restauration var nok ferda ei frihetsreise, ei reise bort frå religiøs undertrykking og forfølging.

Kaptein om bord var Lars Olsen Helland frå Stavanger, men det var ein annan stavangermann som var leiar og drivkraft for ekspedisjonen, Lars Larsen Geilane. Lars blei omvend til kvekar medan han var internert på eit fangeskip i England og var ein av leiarane i kvekar-rørsla i Stavanger. Under overfarten fødde kona Martha deira første barn - datteren Margaret Allen. Familien busette seg i Rochester, New York. Her tok dei imot tusenvis av norske immigrantar som kom til USA for å prøve lykka.

 

Ser du etter noe som dette?

Vi bygger nye trebåter, både kravellbygde og klinkerbygde. Å ivareta våre lokale tradisjoner er noe vi arbeider mye med og brenner for.

Andre prosjekter

Nybygging

Vikingskipet Gyda

Vikingskipet fra Sognefjorden

Nybygging

Gavlabåt

Nybygging av 32 fots gavlabåt

Restaurering

Livbåt

Restaurering av livbåt

Mindre prosjekter

Benker til leirskule

Benker til gapahuk

Restaurering

Kvitsøy1•

Restaurering av ei losskøyte

Restaurering

MS Svanå

Restaurering av ei Risørskøyte